Utebiblioteka 2018

Barneboktua - Klikk for stort bilete Johnny Berge

 

Dei lett gjenkjennelege utebiblioteka til Lurivar har no opna. Velkomen til ei lesestund i det fri! 

Utebiblioteka er nokre litt annleis bibliotek. Dei har berre ope frå 1.mai til og med haustferien, og dei er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde i Aasen-tunet.

Tunkatten Lurivar har i fleire år hatt eit utandørs barnebibliotek på Høgetua, ein liten gåtur opp i skogen frå Aasen-tunet, i det området der Ivar Aasen sjølv leika som gutunge. Dette har vore svært populært, og difor er no tilbodet om utebibliotek å finne i Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal, Stryn og Sula kommune.

Du finn bøkene i ei fargerik postkasse som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt.

– Biblioteket har eit godt utval av nynorske barnebøker, og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier Gjerde. Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt spesielt på born frå tre til ti år. Bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Publica Bok og Det Norske Samlaget.

Her finn du utebiblioteka:

Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien
Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen
Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Osberget
Volda: Barnebokskogen, rasteplassen ved Midtfura ved Rotevatnet, "strandsida"
Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule
Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen i Tonningsbakkane
Sula: Barneboktua, ved turstien rundt Mausavatnet i Mauseidvåg, ved grindløa i Kaffivika ved Vassetvatnet i Langevåg, ved gapahuken i Sundsmyra i Solevåg og ved Gjølevatnet på Fiskarstranda
Ørsta: Barneboktua, på Høgetua ovanfor Ivar Aasen-tunet og ved turmålet i Daleteigane ved Mossetrevegen

 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 03.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering