Barnevern

Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna og verne dei mot omsorgssvikt og motverke at barn vert utsette for psykisk og fysisk overlast. 

Informasjon om barneverntenesta finn de på Volda kommune si side.

Postadresse:
Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 700 58 800

Frå 1.1.2014 er barnevernet i Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta slått saman til eitt barnevern. Volda kommune er vertskommune, noko som inneber at Volda kommune har ansvar for administrasjon og drift av den nye tenesta. Fram til vi får lokale som kan huse alle tilsette på ein og same stad, vil det vere bemanna barnevernskontor i alle dei fire kommunane. Den desentraliserte samorganiseringa som no er sett i verk, vil soleis ikkje påverke tilgjenge for samarbeidspartar og klientar i første omgang.

Målet med denne omorganiseringa er å etablere eit barnevern som kan gi betre tenester til born og familiar enn før. Vidare er tidleg innsats, der målet er å førebygge at born over tid lever i omsorgssituasjonar som er til skade for deira helse og utvikling, eit nasjonalt satsingsområde. Barneverntenesta for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har derfor øyremerka ein stillingsressurs til tverrfagleg førebyggande arbeid, der vi etterkvart skal etablere eit meir systematisk samarbeid med andre som arbeider med barn og unge i våre kommunar.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 08.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering