Personvernerklæring

Personvernerklæringa gjer greie for korleis Hareid kommune samlar inn og nyttar personopplysningar.

Kven er behandlingsansvarleg

Hareid kommune ved rådmannen er behandlingsansvarleg for opplysningar vi har, dette gjeld uavhengig av om vi har avtale med ekstern leverandør for lagring av data.

I oversikt over behandlingar ligg informasjon om det daglege ansvaret er delegert til andre. Delegeringa gjeld berre oppgåvene ikkje ansvaret.

Om vi har avtale med ekstern leverandør for behandling av personopplysningar skal det alltid ligge føre ein databehandlaravtale.

Kva er formålet

Opplysningar som du sender inn til kommunen, blir sendt til rette saksbehandler/behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer våre tilsette i stand til å utføre saksbehandling av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte enten du sender inn papirdokument eller elektroniske dokument.

Kva personopplysningar vert behandla

Oversikt over kva personopplysningar som vert behandla ligg på heimesida vår.  Oversikt over elektroniske system ligg på arkivplanen til Hareid kommune.

Kvar vert opplysningane henta frå?

Opplysningane vert henta frå:

  • dokument du som brukar har sendt oss, uansett kanal (skjema, eDialog, papir, SvarInn)
  • dokument fått frå andre organ
  • svarbrev frå kommunen

Korleis vert opplysningane arkivert og ev. sletta?

Alle fagsystem skal ha prosedyre for korleis opplysningane i systemet vert handtert. Dette finn du på arkivplanen til Hareid kommune.

Korleis vert opplysningane sikra?

Alle opplysningar som vert overført mellom din datamaskin og kommunen sine datamaskiner i skjemadialogar transporterast over en sikra linje. Internt har vi lukka system som handterar personopplysningar etter personopplysningslovens § 8

Nettstatistikk, informasjonskapslar og nettbasert behandling av personopplysningar

Nettredaktøren har det daglege ansvaret for Hareid kommune si behandling av personopplysningar på hareid.kommune.no. Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstad vert lagra på eigne serverar drifta av SSIKT. Nettstaden er levert av Acos og SSIKT er databehandlar.

Det er berre SSIKT og Hareid kommune som har tilgang til opplysningane som vert samla inn.

Hareid kommune nyttar google analytics på nettstaden vår. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbedre og videreutvikle informasjonstilbudet på nettstaden. Eksemplar på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukarane kjem frå og kva nettleser som vert nytta.

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på din datamaskin når du lastar ned ein nettside. Hareid kommune brukar ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk, og vi kan dermed ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 15.06.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Helga Bøe Helga Bøe Leiar
928 32 786
@ Helga Bøe
Login for redigering