Gode råd til vaksne

pexels.com Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser. Vi som arbeidar med barn og unge i Hareid kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn de nyttig informasjon om kven de kan kontakte dersom de er uroa for eit barn eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp. 

Desse kan du kontakte

Dei føresette til barnet

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom kan du ta kontakt med barnets/ungdommens foreldre eller andre pårørande. Du kan fortelje om di uro og kanskje foreslå å hjelpe. 

Dersom du vert avvist av foreldrene og fortsatt er uroa for barnet eller ungdommen tek du kontakt med barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte. 

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast.

Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800)

 

Helsestasjon, barnehage eller skule

Du kan også kontakte helsestasjon, barnehagen eller skulen til barnet/ungdomen og dele di uro. Servicekontoret i Hareid kommune kan hjelpe deg med kontaktinformasjon, eller du kan finne kontaktinformasjon i lenkane under.

Sentralbord til Hareid kommune: 70 09 50 00

Hareid helsestasjon

Barnehagar i Hareid kommune

Skular i Hareid kommune

Vidaregåande skular i Møre og Romsdal

 

Barneverntenesta

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom skal du kontakte barnevernet. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lev under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får riktig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Her er infomasjon om korleis du kan melde fra til barnevernet som privatperson.

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 91 57 60 20 / 02800 

Politi

Ved akutt fare for liv og helse, eller dersom du mistenker at barnet har vore utsett for noko ulovleg, skal ein kontakte politiet.

Her kan du lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.


Ulstein og Hareid politistasjon
Saunesvegen 10
6065 Ulsteinvik

Telefon: 70 11 87 00 / 02800
e-post: post.moreogromsdal@politiet.no 

Klikk her for å kome til politiets heimeside.

Gode råd til vaksne

Gode råd til trenarar, instruktørar og leiarar i frivilleg sektor
  • Sjå: Å bli lagt merke til og hugsa på blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryte eller korrigere. 
  • Gi: Å gi handlar om å vera inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse, og prøv å vere ein vaksen som forstår. Tør å spørje korleis eit barn/ungdom har det- og tol svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å setje grenser og vere rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande førebilete som handterer ueinigheit og at nokon er annleis.
Kva signal bør eg sjå etter?

Barn som er utsette for gjentatte krenkelsar kan ofte være i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for ei barnehjerne å setje saman inntrykk og forstå at faren er over. 

Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite tilstade. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også være at teikna har ei heilt anna årsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer og/eller samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvetter lett, er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

Fysiske teikn:

  • Blåmerker
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg

Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege. 

Vil du lese meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn kan du lese om det her.

Korleis bør eg snakke med barn?

På nettsida snakke med barn finn du mykje god informasjon om korleis du kan gå fram dersom du skal snakke med born eller foreldre om noko som uroar deg. Her finn du informasjon om ulike tema, tips til korleis gå fram i samtalen og opplæringsmateriell. Du kan også øve deg i å snakke med born ved å gå inn her