Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiaren er ei "oppskrift" som du kan følgje frå punkt til punkt, og inkluderer mange gode hjelpemiddel du kan nytte. Start på nivå 0 punkt 1, og følg nivåa vidare etter behov.

OBS! Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt:  Meld saka direkte til barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800). I slike høver skal ein ikkje informere foreldre/føresette om meldinga. Diskuter saka med din leiar.

Nivå 0 - Undring oppstår

1. Uro oppstår

Uro oppstår

Med uro meinar ein observasjonar eller hendingar som fører til ei uro angåande barns helse, trivsel eller livssituasjon. Eventuelle spørsmål ut frå observasjonar eller hendingar kan indikere behovet for å undersøke livssituasjonen nærare. Uro inneber ingen gjettingar eller konklusjonar. 

Verktøy

Signal frå barn og unge på mogleg mistrivsel (PDF, 195 kB)

 

2. Konkretiser uroa

Konkretiser uroa

Konkretisering betyr at den uroa ein har fått gjennom observasjon eller samtalar samanfattast og skrifteleggjerast. Konkretisering inneberer eventuelle spørsmål som ein ynskjer å få svar på og som kan underbygge eller avkrefte ei uro. 

Under finn du BTI-verktøy som kan være til hjelp når du skal definere uroa di.

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppll §9a), hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale. 

Verktøy

  1. Signal frå barn og unge på mogleg mistrivsel (PDF, 195 kB)

  2. Skala for uro - barn (PDF, 231 kB)

  3. Skala for uro - foreldre/føresette (PDF, 223 kB)

  4. Observasjonsskjema barn og unge 0-18 år (DOCX, 764 kB)

3. Del uroa

Del uroa 

Med "del uroa" meina ein at kvar enkelt delar sine observasjonar. Del uroa di med:

  1. Kollega i eiga avdeling
  2. Næraste leiar
  3. Føresette/den unge.

Dersom de er usikre, ta kontakt med ditt tverrfaglige team for råd og rettleiing.
NB! Saka diskuterast enten anonymt eller med samtykke frå føresette/den unge. 

Verktøy

Tips til undringssamtale - barn (PDF, 247 kB)

Tips til undringssamtale - foreldre/føresette (PDF, 244 kB)

Samtykkeskjema (DOCX, 159 kB)

4. Avklar uro

Avklar uro

Er det grunnlag for å gå vidare? Vurderer behovet for vidare oppfølging.

  1. Behov for å setje i verk tiltak?
    -Gå til nivå 1 i rettleiaren
     
  2. Behov for å hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste?
    -Gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vere ansvarleg for det vidare arbeidet. 
     
  3. Ikkje grunnlag for vidare oppfølging?
    -Lukk saka. Takk dei involverte for godt samarbeid

Verktøy

  1. Samtykkeskjema (DOCX, 159 kB)

5. Avslutt saka

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging avsluttar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdommen på at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt. 

 

Nivå 1: Fra bekymring til tiltak

1. Møte med føresette/barnet

Del uroa med føresette / den unge og skap ei felles forståing

Inviter og gjennomfør eit møte med føresette og/eller barnet/ungdommen der du deler dine observasjonar og di uro så snart som råd.

  • gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppll §9a), seinast innan ei veke

Skap ei felles forståing kring situasjonen saman med føresette / den unge.  

Avtal tiltak både i heim og aktuell teneste.

  1. Dersom du gjennomfører samtalen med føresette - avklar kven som har ansvar for å informere barnet/ungdommen, korleis ein informerer og korleis ein gir vedkomande høve til å uttale seg. 
  2. Dersom du gjennomfører samtalen med den unge - vurder om det er behov for å informere/kople på føresette, be eventuelt om samtykke og ta kontakt. 

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy:

Den nødvendige samtalen (PDF, 249 kB)

Samtykkeskjema (DOCX, 159 kB)

2. Opprett statfettlogg/tiltak

Opprett stafettlogg / tiltak

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet sitt, nyttar kommunen ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, smarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Informer om, og få signert eit samtykke til oppretting av logg. 

Opprett logg - trykk her

-Førebels har kommunen ikkje program for ein slik logg - opprett tiltak i eiga avdeling og dokumenter i systemet til avdelinga di.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

Samtykke til stafettlogg

Samtykke til samhandling (DOCX, 159 kB)

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomført på aktuell arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon av tiltaka 

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring. 

 

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte og avgjerd om vegen vidare

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

Førebuing og gjenomføring av møte. (PDF, 248 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaket har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    de ser at tiltaka har hatt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak i eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 steg 3.
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eskterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. Hugs samtykke frå føresette eller ungdommen.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

 

Nivå 2: Tverrfagleg innsats

1. Samarbeidsmøte - oppstart

Samarbeidsmøte - oppstart

Hent inn samtykke frå føresette og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte. 
Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen. Avgjer kven som skal være stafetthaldar vidare, med ansvar for møteleiing, referat og oppdatering av stafettloggen.

Verktøy

Samtykke til samhandling (DOCX, 159 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 248 kB)

2. Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Når saka er presentert for nettverket, er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak. Skriv tiltaka som skal gjennomførast inn i stafettloggen. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak. 

Mål: At involverte tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeidar etter felles målsettingar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Til slutt i nettverksmøtet avtalar de tidspunkt for evalueringsmøte. 

 

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

Samtykke til samhandling (DOCX, 159 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte. (PDF, 248 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er lenger ikkje grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen.
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    -Gå tilbake til nivå 2 steg 2
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Hugs nytt og utvida samtykke frå foreldre til å involvere eksterne samarbeidspartar. 

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

 

Nivå 3: Omfattande tverrfagleg samarbeid

1. Etabler kontakt mellom relevante tenester

Etabler kontakt mellom relevante tenester

Stafetthaldar og føresette/barn presenterer problemstillinga for øvrige tenester.
Avgjer kven som skal være stafetthaldar i det vidare arbeidet.Vurder om det skal opprettast ein koordinator.

Stafetthaldar sørgjer for at aktuell instansar får tilgang til stafettloggen. Vurder om denne skal omgjerast til ein individuell plan.
Stafetthaldar eventuelt koordinator har ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til ansvarsgruppemøte.

Verktøy

  1. Samtykke til samhandling (DOCX, 159 kB)

  2.  

    Førebuing og gjennomføring av møte. (PDF, 248 kB)

  3. Melding til koordinerande eining

2. Ansvarsgruppemøte - planlegg tiltak

Gjennomfør ansvarsgruppemøte og planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og aktuelle instansar.

Avklar tid og inviter til nytt møte.

Ved behov kan ein ta kontakt med Koordinerande eining i Hareid kommune for råd og rettleiing.

 

 

3. Sett i verk koordinerte tiltak

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sett i verk og gjennomført på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen/individuell plan til dokumentasjon av tiltaka. 

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

 

Koordinerande eining i Hareid kommune

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør eit evalueringsmøte der de evaluerer den tverrfaglege innsatsen og om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

Samtykke til samhandling. (DOCX, 159 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte. (PDF, 248 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er to moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Dei koordinerete tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    -Sett i verk tiltak på nivå 12 eller 3.

NB! Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast.