Samhandlingsmodell

Samhandlingsmodellen er utvikla for å synleggjere korleis vi jobbar i kommunen for å sikre at alle barn og unge har nokon som ser dei og som kan hjelpe dei som har det vanskeleg. Modellen skal også bidra til å vidareutvikle godt samarbeid og samhandling rundt tenestene for born og unge. Den er bygd opp slik at den vil synleggjere ansvar, rutinar, verktøy og planar på tre ulike organisasjonsnivå i kommunen; individ, teneste og kommune.

Modellen inneheld ein handlingsrettleiar som bygger på den nasjonale satsinga Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).