Generelt om besøk ved alle institusjonar
Vi ønsker å skåne brukarane våre sidan dei er i risikogruppene for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Vi er også opptatt av å beskytte helsepersonellet vårt fordi desse vil vere heilt naudsynte for å handtere den pågåande krisa.
Vi ber dei som ønsker å besøke institusjonane om å følgje dei nasjonale retningslinjene for besøk på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.
Vi ber særskilt om at personar som har vore i utlandet, ventar i ti dagar før dei besøker institusjonar eller omsorgsbustader.
Vi ber besøkande om å bruke munnbind ved besøk.
Sjå eige punkt om besøksrutinar lenger nede.
Lege/Legevakt
Sjå eige punkt.
Sjukeheimen
Hareid kommune har opna for besøk på sjukeheimen. Desse skal avtalast på førehand. Les meir her.
Ta kontakt via følgande telefonnummer for å avtale besøk og eventuelt vidareformidling av gåver:
Korttidseining
|
700 37 522
|
Bueining
|
700 37 533
|
Skjerma eining
|
700 37 539
|
Her er ein oversikt over andre telefonnummer til sjukeheim/heimeteneste med meir.
Det er kjøpt inn nettbrett til institusjonane som bebuarar og pårørande kan sjå og snakka gjennom.
Heimeteneste
Heimetenesta følger dei nasjonale retningslinjene for kommunale helse- og omsorgstenester under covid-19. Per i dag vert alle tenester opprettheldt. Vi vil ha dialog med den enkelte og (eventuelt) deira pårørande dersom det må gjerast endringar i tenestetilbodet grunna covid-19-situasjonen. Etter nasjonale føringar per 25.03.21 er det tydeleggjort at til dømes avstandskrav ikkje skal vere til hinder for helsepersonell for å oppretthalde helse og omsorgstenester. Smitteverntiltak i denne forbindelse blir vurdert fortløpande i samråd med smittevernlege.
Dersom ein brukar av heimeteneste får symptom på luftvegsinfeksjon må vedkomande ta kontakt med vakttelefonen til heimetenesta snarast på 915 66 732 eller 915 66 734 for å avklare vidare oppfølging og tenestetilbodet. Heimetenesta er ei essensiell kritisk helseteneste som vi er oppteken av å skåne mot smitte og for å hindre vidare smitte til tenestemottakarar.
Tekniske hjelpemiddel
Kontakt heimetenesta ved koordinator 70037540/41 ved behov for innlevering.
Les meir om handtering av hjelpemiddel.
Hadartun omsorgsbustader
Hareid kommune har under heile covid-19 pandemien hatt besøksrestriksjonar ved omsorgsbustadene på Hadartun. Besøkande må nytte inngang i tilknyting til leilegheitene og ikkje hovudinngang til Hadartun. Ein følg her nasjonale føringar som gjeld for besøk i private heimar og nærkontaktar for einslege (og eventuelt vaksinerte).
Sidan omsorgsbustadane er tilknytt sjukeheimen i bygningsmasse, er det særleg presisert at ein ikkje skal nytte fellesareal (hovudinngang, matsal, vestibyle mm) under besøk, men nytte inngang nærmast aktuell leilegheit og gå direkte til denne. Besøk skal berre skje i leilegheit. Vi oppmodar om å registrere besøket hos bebuar dersom det skulle bli behov for smittesporing i ettertid.
Sjå eige punkt om besøksrutinar.
Kjøken/matombering
For å sikre matproduksjon er det berre tilsette som har tilgang til kjøkenet.
Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustader Hadartun vil få servert/utlevert mat på avdeling eller i matsalen på Hadartun.
Matombering til private heimar som vanleg, men den som leverer maten tek førehandsreglar om smittevernomsyn og går ikkje inn i heimar utan at det er naudsynt.
Kjøkkenet kan kontaktast på 907 00 825 (kl 09-15.00)
Matsalen skal berre brukast av dei som bur på Hadartun.
Hjellebakken omsorgsbustader/avlastningsleilegheiter
Hareid kommune har innført besøksrestriksjonar ved Hjellebakken. Vi ønsker at pårørande held besøka på eit minimum, då leigetakarane er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Det er ikkje tillatt å nytte fellesareal i samband med besøka. Vi ber om at personar som har vore i utlandet ventar i ti dagar med besøk.
Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar der det ikkje har vore éin meters avstand, bør halde to meter avstand til personar i risikogruppene.
Støttekontakt
Tenesta støttekontakt går som normalt, men vert fortløpande vurdert med omsyn til smittesituasjonen.
Dagsenter for eldre
Dagsenter for eldre held ope mandag til torsdag. Tilbodet er tilpassa dei gjeldande nasjonale smitteverntiltaka.
Nødvendige prioriteringar må gjerast for at vi kan gjennomføre dette tilbodet, og den enkelte brukar av tenesten vil bli kontakta for nærare informasjon.
Det blir grupper på inntil fem personar per dag. Den enkelte vil som før bli henta med bil frå dagsenteret, men no med berre to brukere per biltur.
For å kunne tilpasse eit mellombels tilbod med små grupper, vil dagsentertilbodet ikkje nødvendigvis skje på den faste vekedagen ein tidlegare hadde.
Dagsenter fellesskapet psykisk helse
Dagsenter for fellesskapet psykisk helse er ope mandag.
Helsestasjon
Hareid helsestasjon har flytta til Helsehuset. Du kan parkere i parkeringskjellaren eller på taket til Coop.
Følg helsestasjonen på deira Facebook-side for oppdateringar.
Sjå også helsestasjonsportalen til Hareid kommune. Her er det mykje nyttig informasjon for deg som er foreldre.
Tenesta går no som normalt, med smitteverntiltak:
- Ingen drop-in teneste, alt må avtalast på førehand.
- Det bør ikkje takast med søsken på konsultasjonar. Unntak er om foreldre ikkje kan kome utan å ta med søsken, og dei må være friske.
- Heimebesøk vert utført av jordmor og helsesjukepleiar.
- Tilbod om grupper og kurs er redusert inntil vidare på grunn av mangel på eigna lokaler.
- Alle får no time til barnekontroll etter gjeldande retningslinjer.
- Gravide kan ta med seg partner på svangerskapskontrollane.
Helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta er tilstades på skulen som normalt, og kan også kontaktast på mobiltelefon:
- Hareid ungdomsskule: Siri Berntsen, tlf. 95467841
- Hareid og Brandal skule: Wenche Relling, tlf. 47507791
- Hjørungavåg og Bigset skule: Vibeke Brune Slettebakk, tlf. 48208672
Helsestasjon for ungdom ope måndagar frå kl 14.30 – 16.30. Det er drop-in, timebestilling er ikkje naudsynt.