FELLESFYRVERKERI:

Kva meiner du om budsjettforslaget?

Kva meiner du om budsjettforslaget?

Fram til kommunestyret skal vedta budsjettet 12. desember vil vi høyre di meining.

dronefoto Hareid - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Måndag 25. november vedtok formannskapet i Hareid kommune å sende ut budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2026-28 ut på høyring.

I stor grad har dei følgt kommunedirektøren sitt framlegg, men har gjort nokre endringar.

Her kan du lese budsjettframlegget som formannskapet har har føreslått.

Her kan du lese framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2025. (PDF, 610 kB)

 

Slik sender du inn innspel:

Det er kommunestyret som er mottakarane av høyringsinnspela. Dei vil fortløpande få tilgang til innspela som kjem inn – det gjer du som innbyggar også.

 Vi legg nemleg alle innspela ut på denne nettsida.

 Du kan sende inn gjennom tre forskjellige kanalar:

  • Skjema: Passar for deg som har korte kommentarar eller enkeltpunkt du vil melde frå om. Her er lenke til spørjeskjemaet.
  • E-post: Passar for deg som har eit lengre dokument du vil dele med dei folkevalde. postmottak@hareid.kommune.no
  • Papir: For deg som ikkje har e-post. Hareid kommune. Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

 

Frist for å sende inn

Etter lova skal formannskapet sitt framlegg til budsjett ligge ute til høyring i minst 14 dagar.

 Siste frist for å sende inn er onsdag 11. desember klokka 15. Vi rår likevel alle til å vere tidleg ute, slik at dei folkevalde får tid til å lese – og ta innover seg innspela.

 

Vegen fram mot budsjettforslaget

Budsjettet har vore tema på mange folkevalde møte i haust. Under finn du sendingane frå alle desse møta.

21. oktober:  Formannskapsmøte

 

 

4. november: Formannskapsmøte

 

 

19. november: Fellesmøte med næring- og miljøutvalet, levekårsutvalet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet

 

 

25. november: Formannskapsmøte