No kan du seie di meining om budsjettet

Fram til 12. desember kan du kome med innspel til økonomi- og handlingsprogrammet.

Klikk for stort bilete   

Følg denne lenka for å lese alle budsjettdokumenta. Her finn du mellom anna utdrag frå økonomi og handlingsprogrammet samt oversikt over framlegg til tiltak og gebyrsatsar for det komande året.

Viss du har innspel til budsjettframlegget, må det sendast til postmottak@hareid.kommune.no innan torsdag 12. desember kl 09.

Etter kommunelova paragrafane 5-6 fyrste ledd og 14-3, skal formannskapet innstille til vedtak om økonomiplan og budsjett.

Formannskapet handsama saka i møte 25. november. Då fatta dei følgande vedtak:

"Formannskapet innstiller på at 
Kommunestyret vedtek økonomi- og handlingsprogram 2020 - 2023 slik det ligg føre med saksvedlegg."

Innstilling i sak 162/19 25. november 2019

Innstillingen skal kunngjerast minst 14 dagar før kommunestyret skal handsame saka. 

Kommunestyret fattar endeleg vedtak i sitt møte 12. desember.

Biletet på framsida er tatt av Jenny Helene Øie Røyset. Takk for at vi har fått låne biletet.