No kan du seie meininga di om budsjettet

Ordførar Anders Riise - Klikk for stort bilete – Vi vil ha dine innspel og forslag for å kunne skape ein betre kommune, seier Hareid-ordførar Anders Riise.

Onsdag 28. november klokka 19 blir det folkemøte på Melshorn hotell. Tema er budsjettet for 2019 og det meir langsiktige handlingsprogrammet for Hareid kommune. – Vi håper at innbyggarane kan kome med positive innspel og idear til korleis vi kan gjere ting annleis – gjerne forslag til aktivitetar som kan skape nye inntekter, seier ordførar Anders Riise som er vertskap for møtet.
Ved å invitere innbyggarane inn i budsjettarbeidet, håpar han at dei skal få meir tillit til budsjettprosessen

Under møtet vil rådmann Ragnhild Velsvik Berge presentere budsjettframlegget. Etterpå er det ope for spørsmål og kommentarar til administrasjonen eller dei frammøtte politikarane.

Ungdomsrådet er spesielt invitert. Før møtet vil dei få ein eigen gjennomgang av budsjettet.

Det endelege budsjettet blir vedteke av kommunestyret 13. desember. Dette møtet, som alle andre kommunestyremøte, er ope for publikum (kl. 12 på Melshorn hotell).

Folkemøteinvitasjon på facebook.