No startar vi å spinne på den raude tråden

No startar vi å spinne på den raude tråden

Kva skal Hareid kommune vere i framtida? Kva mål skal vi strekke oss etter? Du kan seie di meining allereie no.

pxhere.com   

Hareid kommune skal lage ny samfunnsdel* til kommuneplanen. Det er eit arbeid som ikkje berre politikarar og byråkratar skal vere med på. Vi ønsker å involvere so mange av innbyggarane som mogleg i prosessen. På den måten får vi det beste resultatet. Høyring av planprogrammet er fyrste skritt på vegen.

 
Samfunnsdelen i kommuneplanen vil bli den raude tråden i alt som kommunen skal drive med. Den skal syne dei langsiktige utfordringane, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilheit men også for kommunen som organisasjon. Den må også utarbeidast slik at den vert eit godt grunnlag for resten av kommunens plansystem – ein raud tråd.

Gjeldande samfunnsdel er frå 2006. Mykje har skjedd sidan då, so planen er godt moden for utskifting. Mange av dei tilsette og folkevalde har heller ikkje kjennskap eller eigarskap til dagens samfunnsdel då den vart utarbeidd lenge før dei vart ein del av kommunens organisasjon.

Målet med planprosessen er å lage eit styringsverktøy som både innbyggarar, folkevalde og administrasjonen får eigarskap til; ein plan som alle ynskjer å stille seg bak å følgje opp samla.

Dei fire hovudmåla som skisserast opp i planprogrammet er at Hareid skal vere
•    Ein god kommune å bu i
•    Ein trygg kommune å vere i
•    Ein attraktiv kommune å arbeide i
•    Ein spanande kommune å leve i

Desse hovudmåla kan det ligge mykje bak. Det er eit bevisst val at ein har formulert seg opent no i planprogrammet for å få fram flest mogleg idear, men i planforslaget må det konkretiserast i form av strategiar og delmål korleis ein skal kunne jobbe vidare mot hovudmåla. Det er knytt nokre få nøkkelord til kvart av hovudmåla vidare i planprogrammet, desse nøkkelorda må vere ein del av hovudfokuset vidare i planarbeidet.

Ein god kommune å bu i:
-    Befolkningsvekst 
-    Bustadutvikling 
-    Infrastruktur 
-    Born og unge 
-    Folkehelse 

Ein trygg kommune å vere i:
-    Samfunnstryggleik 
-    Klima og miljø 
-    Førebyggande arbeid 
-    Levekår 

Ein attraktiv kommune å arbeide i: 
-    Næringsliv 
-    Samordna areal- og transportplanlegging 
-    Kollektivknutepunkt 
-    Bustadutvikling 
-    Frivilligheit 
-    Kompetanse 

Ein spanande kommune å leve i: 
-    Kultur 
-    Tettstadutvikling 
-    Omdøme og identitet 
-    Nyskaping og digitalisering 
-    Trivsel, openheit, inkludering 
-    Natur- og friluftsliv 

Det har blitt utarbeida eit eige notat (PDF, 774 kB) som fyl ved planprogrammet. Notatet tek føre seg viktige utfordringar for Hareid kommune i tida som kjem. Det er også ein del av det som ligg til grunn for val av fokusområder.
 
Planprogrammet er fyrste skritt på vegen mot ein ferdig plan. Fyrste halvår neste år vil blir brukt til å arbeide med sjølve planen. Då vil dykk som innbyggarar og dei folkevalde bli endå meir involvert. Vi har allereie hatt eit folkemøte (Vekst i Hareid, 12. september), og fleire skal det bli, i tillegg til andre måtar å medverke på.
Den endelege planen er venta å bli vedteke oktober 2020.

 

* Lova** stiller ein del krav til planarbeidet, mellom anna må planprogrammet på høyring. I fyrste omgang er dette eit varsel om oppstart av planarbeidet og høyring av planprogrammet.

Frist for uttale er sett til seks veker. Alle merknadar må vere skriftlege og sendast til kommunen innan 15. november 2019. Merknadar kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

** Varselet om oppstart og høyring er i tråd med plan- og bygningsloven § 11-12. Forslag til planprogram vert samstundes sendt på høyring, jf. plan- og bygningsloven § 11-13.