Vi treng din hjelp til å kartlegge friluftsområde i Hareid kommune

Hareid kommune er i gong med å kartlegge små og store område som blir nytta til friluftsliv. Dette arbeidet er viktig for å kunne ivareta og utvikle areal for friluftsliv, også for framtidige generasjonar. For at kartlegginga over friluftsområda i Hareid skal bli best mogleg treng vi no di hjelp!

Klikk for stort bilete

Arbeidet så langt

Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommune og frivillige organisasjonar har utarbeidd eit friluftsområdekart som består av to kartlag. Det eine viser alle kartlagde friluftsområder med fargekodar for ulike områdetypar. Det andre viser kva verdi som er foreslått på dei ulike områda. Områdekartet og verdikartet kan ha ulik inndeling av friluftsområder. Rettleiaren Kartlegging og verdsetting av friluftsområder frå Miljødirektoratet ligg til grunn for arbeidet.

For at kartlegginga skal bli best mogleg, treng vi innspel frå brukarar av områda. Kartlegginga famnar alle område som blir nytta til friluftsbruk, frå det nære friluftsliv til dei store turområda. Det er særleg viktig for oss å få innspel på område med friluftsverdi for dei yngste, som ofte ikkje beveger seg over store distanser.

Dette ynskjer vi innspel på

  • Er det viktige friluftsområde som manglar i kartet?
  • Stemmer dei innlagte friluftsområda, eller må grensene justerast?
  • Kva konkrete aktivitetar blir dei ulike områda brukt til?
  • Kor mykje blir dei ulike områda brukt, og kven er brukarane?
  • Kva kvalitetar har dei ulike områda som gjer at dei vert brukt til slik aktivitet?
  • Er områda tilrettelagt, eller er det behov/ynskje om meir tilrettelegging? I så fall på kva måte?

Slik gir du innspel

  • Velg «Teiknforklaring» under menyen til venstre i kartet for å sjå kva dei ulike symbola/fargane betyr.
  • Velg «Påtegning» under den same menyen.
  • Her kan du lage linjer, sirklar, areal, sette inn punkt, tekst m.m.
  • Velg «Del» per e-post under menyen til venstre, og trykk «Åpne epostprogram».
  • Forklar innspelet ditt inn i e-posten og send til ojr@hareid.kommune.no
  • Du kan sjølvsagt også sende inn kommentarar på e-post utan bruk av kart.

    Frist for å kome med innspel er sett til 21.03.2019

    Klikk her for å kome til friluftsområdekart for Hareid kommune