Vil du hjelpe flyktningane?

Denne artikkelen blir fortløpande oppdatert med informasjon om kva vi treng hjelp til for å gi flyktningane som kjem hit eit godt tilbod.

Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Hareid kommune har fått akuttmottak for flyktningar frå Ukraina. Vi signerte avtalen onsdag 30. mars, allereie veka etter kom dei første flyktningane. Framleis gjenstår det ein del arbeid, særleg på Myrtunet.

For å kunne gi flyktningane eit godt tilbod, treng vi hjelp, både til dugnadsarbeid og innsamling av klede og utstyr.

Her kan du levere klede/sko/leiker mm

Vi har oppretta ein sentral for innlevering og utlevering av klede, leiker og anna utstyr.

Sentralen er eit samarbeid mellom Hareid sokn, Hareid sanitetslag, Sørøyane Røde kors og Hareid kommune.

Vi vil opplyse her neste gang det blir opna opp for å levere inn.

Stad: Intership sine gamle lokale i Strandgata 85 («Nordea-bygget»)

Klede og ustyr må aldri settast igjen utanfor lokalet når det ikkje er ope.

Merk: Noko utstyr skal leverast anna stad. Det vil i so fall stå presisert under aktuelt punkt.

Klede og sko

Klede:

  • Vi har fått nok klede for barn/baby under 6 år.
  • Vi har framleis behov for klede til eldre barn og kvinner.
  • Det er mest behov for vanlege kvardagsklede
  • Solbriller og caps
  • Koffertar og baggar

MERK: 

  • Kleda og skoa må vere heile og reine. Dei må vere bra nok til at du kunne ha brukt dei sjølv.
  • Alt må sorterast og merkast etter kjønn og storleik. Du kan godt levere i plastsekk eller kasser, men kvar enkel storleik/kjønn må ligge i separate posar eller liknande.
  • Namnelappar må fjernast.
  • Brukte truser tek vi ikkje imot, men har du nye truser vil vi gjerne ha dei.

Sjå eige punkt for kvar og når du kan levere.

Leiker
  • Vi har nok bamser og kosedyr
  • Leiker må vere heile, nyvaska og funksjonelle.
  • Sparkesyklar, syklar (også til vaksne/tenåringar) og trehjulssyklar kan berre leverast etter avtale. Desse må vere heile og i orden med fungerande bremser mm. Vi har ikkje sykkelmekanikar/teknikar eller andre som kan reparere. Ta kontakt på telefon 469 36 069 eller 469 36 713.
  • Sykkelhjelmar
  • Fotballar og sportsutstyr, mellom anna fotballsko
  • Lego er populært
  • Teknesaker er etterspurd.

Sjå eige punkt for når og kvar du kan levere.

Anna utstyr

Dersom ikkje anna er spesifisert, kan du levere på innleveringssentralen. Sjå eige punkt.

  • Hygieneartiklar. Flyktningane får noko frå mottaket, men har eit større behov enn det. Dei har avgrensa midlar til å kjøpe sjølv. Dei ønsker: dusjsåper, shampoo og balsam, handkrem, hudkrem, solkrem. Alt av hygieneartiklar må vere uopna.
  • Hårfønarar og rettetang er ønska.
  • Koffertar og baggar
  • Kledhengarar
  • Fiskeutstyr
  • Vaffelhjern
  • Steiketakke
Møblar

Vi tek berre imot møblar som er nemnd i lista under.

Alle møbler og liknande må vere heile og reine.

All levering av møblar må avtalast på førehand.

Send bilete og litt informasjon om møblane til Annelin Ortynski. Vi vil så vurdere om møblane passar til føremålet.

  • Små vegghyller til bilde eller liknande
  • Grafiske trykk i ramme som kan pynte opp fellesrom

På sikt, når vi får flyktningar som skal busettast, kan det dukke opp andre behov.

Eg har bustad til flyktningar. Kvar melder eg meg?

Hareid kommune held på å kartlegge bustadar som kan passe til busetting av flyktningar.

Vi ønsker å få oversikt over potensielle bustadar for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.Det er framleis svært usikkert kor mange flyktningar som kjem til Noreg frå Ukraina og kor lenge dei vil bli. Det vi veit er at regjeringa vedtok 11. mars at flyktningane frå Ukraina skal få kollektiv beskyttelse. Vi reknar med at vi må busette både enkeltpersonar og familiar, også frå andre område enn Ukraina. Les meir og meld inn om du eventuelt har disponibel bustad.

Dugnad

For tida har vi ikkje behov for dugnad.

Meld gjerne at du kjem til dei som står som kontaktperson ved å sende ei tekstmelding. Du kan også ringe om du har spørsmål.

Aktivitetar

Førebels ingen konkrete behov, men tenk gjerne gjennom kva din organisasjon/lag kan bidra med.