Vil du vere kommunedirektøren vår?

Vil du vere kommunedirektøren vår?

Hareid kommune søkjer ein driftig og samlande leiar for å halde fram den positive utviklinga i kommunen vår. Våre dyktige tilsette ønskjer ein aktiv leiar som motiverer og ser moglegheiter.

Dronebilete av Hareid sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Viktige satsingsområde er økonomisk styring og effektiv drift som sikrar balanse og økonomisk handlingsrom. Vi held fast ved målet om ei trygg og positiv samfunnsutvikling, tek samfunnsansvar og rekrutterer kompetente tilsette. Du vert den som stakar ut ein god kurs.

Interessert? Les meir og søk her.