Boklansering - Robert Bly: Å snakke inn i eseløyret. Onsdag 27. oktober, kl. 18.00

Odd Goksøyr vil i samtale med Jan Ove Ulstein presentere bokprosjektet, og, mellom smakebitar frå boka, gjere eit lite streiftog i livet og arbeidet til den norskætta poeten Robert Bly.

 
Det vert høve å kjøpe boka. Ein kan også legge inn bestilling på Arnfinn Mork-Stordal sitt tresnitt av Robert Bly.

ROBERT BLY, amerikansk poet med norske anar, har gjennom seks tiår publisert ei rekke bøker innanfor lyrikk, sakprosa og omsetjingar.

I denne samlinga møter vi ein poet som sjølv inne i sitt niande tiår er i stand til å fornye seg, meir leikande og open enn nokon sinne. Samlinga står
fram som eit testamente frå ein mann som lit på at poesien, orda, kan knyte menneske saman og opne
for innsikt.

"Å snakke inn i eseløyret" er den tredje heile samlinga av Bly som har kome ut på Ura forlag.
Alle gjendikta av Odd Goksøyr.