Brettspellaurdag, 25. juni, kl. 12-14

Vil du vere saman med andre og spele brettspel? Denne laurdagen vert langborda i biblioteket via til brettspel for store og små. Biblioteket har ei samling med ymse spel, men ta gjerne med deg spel du har heime.

 

Det er ynskje frå folk her på Hareid om å ha faste brettspelkveldar på biblioteket. Er du ein av dei som kanskje har lyst til å hjelpe til med å få til det?
Ta kontakt med biblioteket:)