Foredrag med Thomas Horne tysdag 7. september, kl. 19.00

Forlaget Press  Vil du rekne ut klimaavtrykket ditt og vere klimasmart? Brageprisvinnar Thomas Horne kjem til biblioteket med foredrag rundt boka si «Den store klimaguiden».

       

Han viser deg kva val som verkeleg nyttar. Er det klimavenleg med elbil? Kor ille er ein flytur i den store samanhengen? Og kva er klimaeffekten av å vente eit år med å kjøpe ny mobil?

Thomas Horne har oppdatert informasjon om korleis liva våre påverkar klimaet, anten vi snakkar om hus og hytte, transport og feriereiser, eller klede og kosthald. Gjennom foredraget får du hjelp til å forstå effekten av dei ymse kvardagslege vala dine.

Vi tillet maks 60 personar på arrangementet. Påmelding ved å trykke deltek på arrangementet på facebook eller send e-post til biblioteket: biblioteket@hareid.kommune.no.

Kontaktopplysningar vert uansett registrert når du kjem på arrangemnetet.

Har du symptom på luftvegssykdom skal du ikkje kome til biblioteket.