Lunsjarrangement: Vestlandsvegar med Halvor Folgerø, torsdag 12. mai, kl. 12

Halvor Folgerø, journalist, musikar og forfattar frå Stord og tilsett i NRK i ei årrekke, kjem til biblioteket med eit foredrag rundt boka si "Vestlandsvegar - historier om farlege og spekatakulære vegstrekk".

 Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar.

I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I foredraget tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.

Halvor Folgerø lovar eit spesialtilpassa foredrag for sunnmørspublikummet.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Notabene vil selje boka i biblioteket.

Biblioteket har teleslynge.

Arrangementet er ein del av Litteraturhus i Møre og Romsdal.
Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.

VELKOMEN