Malin Hellebø til biblioteket torsdag 2. september, kl. 18

Har du sett "Dyrevenn" på NRK Super? Programleiar Malin, kjem til biblioteket med si nye bok "Inn i munnen".

Gyldendal  

Dette er eit kjekt og lærerikt nynorskarrangement om mange av dei ulike munnane i dyreriket. Arrangementet passar best for born i alderen 5- 10 år.

Smittevern: Ikkje kom til arrangementet om du føler deg syk.

Vi har eit tak på maks 60 personar, men vi vil ta høgde for at kohortar (familiar) kan sitje saman.

Ingen påmelding, men om du veit at du vil kome, så skriv gjerne kontaktopplysningar (navn og tlf) i ein e-post biblioteket@hareid.kommune.no til biblioteket.  Kontaktopplysningar vert også registrert ved ankomst.

Arrangementet er gratis.