Per Sivle-kveld, onsdag 11. mai, kl. 19.00

Med:
Kjell Einar Ljones, Lindis Eliassen, Ulstein Mannskor, Ingrid Nerhoel, Vibeke Holstad og Ingmar Mork.

 

Tidlegare kommunelege i Hareid, Kjell Einar Ljones, møtte Per Sivle sine dikt og fortellingar på Voss i sin ungdom. Sidan har han aust av denne kjelda for seg sjølv og til glede for andre.
Lindis Eliassen er altfor lite brukt som opplesar. Denne kvelden tolkar ho dikt Sivle har skrive i ulike sinnstemningar.
Ulstein Mannskor skal synge to nasjonale songar med tekst av Per Sivle.
Vibeke Holstad, Ingmar Mork og Ingrid Nerhoel skal synge nokre av dei tonesette Sivle-dikta som vi kjenner best: "Den fyrste song" og "Å, vesle lerka". Dei kjem også med eit ganske nytt arrangement av eit anna dikt Per Sivle skreiv om mor si.

Desse litteraturkveldane har samla fullt hus, så det løner seg å vere tidleg ute.

Gratis inngang, men vipps gjerne til 617596 for at vi kan ha slike arrangement på biblioteket.

VELKOMEN.