Redesign: Bli inspirert til å sy med Christine Schwarz, 24. mai, kl. 17.00

Christine Schwarz kjem til biblioteket med masser av inspirasjon til redesign. Ho kom ut med boka "Redesign - sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg" i fjor og er godt kjend på Instagram under profilen "Silke og dynamitt".

 

Skap di heilt unike garderobe med eller utan symaskin.

Sy om kleda dine eller sy nytt av gamle tekstilar og skap ein miljøvennleg og unik garderobe. Christine Schwarz viser deg korleis du kan trylle fram nye plagg frå gløymde skattar.

Christine Schwarz (f. 1990) er oppvaksen i Basel og Florø og bur i Oslo. Ho er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Schwarz jobbar som administrasjonsleiar i forlag på dagen og syr om gamle klede på kvelden.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Beskjed i frå Christine Schwarz:«Hei!

Eg gler meg til å komme på besøk og snakke om redesign! Viss du har eit plagg eller eit stoff du gjerne kunne tenke deg å sy om, men er litt usikker på korleis du skal komme i gang med, ta det med deg på foredraget! Så kan vi utveksle idear på slutten! :) 

 

Dette blir kjekt! 

 

Helsing Christine»

Arrangementet er ein del av Litteraturhus i Møre og Romsdal.
Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.

VELKOMEN