Rhododendron for nybegynnarar - og alle andre! Torsdag 21. april, kl. 18

Denne torsdagen kjem Ole Jonny Larsen til biblioteket- til stor glede for alle Rhododendronelskarar vil vi tru!

Dette er eit arrangement i samarbeid med Hagelaget og foredraget som Ole Jonny Larsen kjem til biblioteket med er eit slags grunnkurs i Rhododendron, der han prøver å gi svar på følgjande:

Kvar kjem dei i frå?
Kven tok dei med hit?
Korleis dyrkar vi dei?

Han vil vise mange bilete, både frå hagar i Noreg og andre land, og fra naturen der dei veks vilt.

Ole Jonny Larsen bur i Spjelkavika og har ein av Noregs (og Skandinavias) største Rhododendronhagar. Han har vore leiar av Den norske Rhododendronforening sidan 2016, har gitt ut fleire bøker om Rhododendron og halde mange foredrag i inn - og utland.

Ole Jonny kjem til å ha med nokre spanande plantar til utlodding!

Dette er eit arrangement i samarbeid med Hagelaget.  Det er gratis og ope for alle interesserte.

Vil minne om Vippskonto 617596 til dei som vi gi ei støtte til fleire arrangement på biblioteket.

Før foredraget startar vil det vere ei kort opningsmarkering av Frøbiblioteket, sjølv om det jo allereie er godt i gong:)
Følg med her på heimesida til for oversikt over frø som har kome inn. Sjå artikkel her.

VELKOMEN TIL ALLE SOM YNSKJER!