Tysdag 8. februar, kl. 19.00.

Dette er ein kveld der vi får oppleve Jakob Sande sitt mangfoldige forfattarskap i ord og tonar ved:

Lars Hartig-Tangedal
Sigmund Aksnes
Vibeke Holstad
Ingmar Mork
Ida Teige

 

Jakob Sande var ein norsk forfatter frå Dale i Sunnfjord i Fjaler kommune. Han gav i si levetid ut ti diktsamlingar og tre novellesamlingar. Han skreiv både humoristisk, makabert, alvorleg og religiøst. Mange av dikta vart tonesatt og vart til populære viser og salmar. Mellom anna "Det lyser i stille grender". Dei fleste vil også kjenna att dikt som "Kallen og katten" og, ikkje minst, "Etter ein rangel"; (“I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, / trur eg. / Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv, / trur eg”).

Aperitiff i forkant av arrangementet sponsa av Coop Extra, Hareid.

Gratis inngang.

Parkeringskjellaren på Helsehuset vert ope.

Ingen påmelding, men meld gjerne til biblioteket dersom du veit du vil kome eller sett "Deltek" på facebookarrangementet.

Munnbind ikkje påkrevd når du sit framfor scena, berre ved mingling nærare enn 1 meter.

VELKOMEN til ein triveleg kveld på biblioteket!