Utandørs sjakkbord

I samarbeid med Sjakk & Samfunn vil Hareid folkebibliotek i løpet av våren få eit flott utandørs sjakkbord. Bordet har benkar og to spelebrett og vil stå utanfor biblioteket, under taket mot Spar.  Sjakkbrikkar må du låne inne på biblioteket i opningstida.

 

Vi håper å få til eit opnigsarrangement og at vi også kan få til fleire sjakkaktivitetar både ute og inne framover.  Er du ein som kunne tenkje deg å dra i gong sjakkaktivitetar her på Hareid? I så fall vert vi kjempeglade om du tek kontakt!

facebooksida til Sjakk & Samfunn finn du alltid mye god sjakkinformasjon og der er ofte netturneringar som du kan vere med på:).

Inne på biblioteket har vi fleire sjakkbrett og andre brettspel som mange brukar. Har du tips om brettspel som vi burde ha på biblioteket?

Spela vi har er: Fantasi, Alias, Mesternes Mester, New Amigos, Backgammon, Kortskalle, Bingo, Ligretto, Kinasjakk, Bokstavelig talt og kort.