Utebiblioteket på Rotarystien har opna!

Velkomen til Lurivars utebibliotek ved boktua på Rotarystien!
 
Å få lese bøker om sommaren må vere noko av det kjekkaste som finst, difor har tunkatten Lurivar frå Aasentunet laga sitt eige utebibliotek ved «boktua» på Rotarystien. Her kan du ta ei pause og lese i ei av dei fine bøkene som ligg i kassa.

Når du er ferdig med å lese, er det fint om du skriv namnet ditt i gjesteboka før du går.

Hugs å legg bøkene attende i kassa og legg på loket før du går. Ha ei glitrande fin sommarlesestund!