Vi har fått Frøbibliotek!

Det er så kjekt å kunne fortelje at biblioteket i samarbeid med Hagelaget no set i gong eit Frøbibliotek. Sande (mr) hagelag

 

Frøbiblioteket er basert på tillit og verkar slik at om du tek med deg frø frå Frøbiblioteket, så forventast det at du leverer frø tilbake når du har frø til overs eller når du har sanka frø til hausten.

Frøa kan du levere slik du ynskjer, men sjå bilete for tips om korleis dei kan pakkast. Gråpapir, kaffifilter eller ein lukka konvolutt er supert!

Frøposane merkast slik:

- Sort frø

- Antall

Ved store frø kan 10-15 frø vere nok i ein pakke. Ved breisåing kan ein putte i ca. 1 ts og skrive det på pakken.

- Årstal

Frøbiblioteket er ei satsing på berekraft, samt auking av kunnskap rundt sjølvdyrking og ikkje minst gleda og helseaspektet det gir å arbeide i jorda og.

Vi ynskjer å fylle Frøbiblioteket med alle typar frø (grønsaker, urtar, villblomster, staudar, sommerfuglvenlege frø mm), men viktig at det berre er frø ein har sanka sjølv eller kjøpefrø som ein har til overs. Ikkje frø frå grønnsaker og frukt mm som ein kjøper i butikken.

Håper mange vil donere frø og no det er berre å kome å sjå om her er frø du ynskjer å så:)

Dette er frøa vi har pr. 3. mai:

Blomstrar:

Anisisop

Astrantia

Blodbeger

Blodkløver

Blomkarse

Dagfiol

Judaspenger

Løvemunn

Nellik

Nigella

Praktakeleie

Ridderspore

Ringblomst

Solsikke

Grønsaker:

Brokkoli

Cherrytomat

Chili

Hjertesalat

Katalonsk sikori

Klatrebønner

Kvitlauk

Kål

Luftløk

Maineper

Mais

Neper

Paprika

Pastinakk

Popcorn-mais

Purpurkål

Raudbete

Ruccola

Salat

Sikori

Spinat

Stangselleri

Sukkererter

Tomat – ulike sortar

Urtar / Kryddervekster:

Apotekerkattost

Bjørnerot

Bokhvete

Graslauk

Honningurt

Koriander

Kryptimian

Løpstikke

Salvie

Når det fyllast opp med fleire frøsortar vil vi alltid leggje ut oppdatert liste her.   Vi håpar å få inn mange fleire sortar og at du ser frøsortar som du kunne tenkje deg i lista.