Finn du ikkje det du vil låne i vår katalog, kan du enkelt bestille inn boka sjølv og hente den på biblioteket.
Norgeslån
Her ser du korleis du bestiller bøker sjølv. Du må ha det nasjonale Bibliotekkortet og pinkode for å kunne bruke Norgeslån.
- Ved 0 treff ved søk i vår katalog kan du søke hos alle bibliotek i Noreg på biblioteksøk.
- Logg deg inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet eller du finn det på mobilen om du har lånekortet ditt der) og pinkoden/passordet du har. Manglar du pinkode/passord går du til framsida her på heimesida vår og til boksa “Logg inn på Meg & Mitt”. Trykk på “Glemt PIN-kode eller passord”, så får du nytt tilsendt til e-posten din.
- Du søker og når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og deretter på Bestill.
- Du vil få beskjed på SMS når det du har bestilt kan hentast på biblioteket.
Fjernlån:
Har du ikkje Bibliotekkortet enno, så kan vi hjelpe deg med å bestille inn.
Det raskaste er at du då tek kontakt på e-post: biblioteket@hareid.kommune.no, slik at vi får alle rette opplysningar. Eller kom innom oss!
Publisert av Anne Vasstrand
Sist endra 21.05.2025 14:36