Symaskiner og Frøbibliotek

Symaskiner og Frøbibliotek

Biblioteket har to symaskiner som du kan bruke i biblioteket og vi har eit Frøbibliotek!

Vi har også ei lamineringsmaskin for A4 størrelse som kan brukast av personar over 16 år. Kr.10,- pr. ark.

Frøbiblioteket er basert på tillit og verkar slik at om du tek med deg frø frå Frøbiblioteket, så forventast det at du leverer frø tilbake når du har frø til overs eller når du har sanka frø til hausten.

 

Frøa kan du levere slik du ynskjer, men sjå bilete for tips om korleis dei kan pakkast. Gråpapir, kaffifilter eller ein lukka konvolutt er supert!

Frøposane merkast slik:

- Sort frø

- Antall

Ved store frø kan 10-15 frø vere nok i ein pakke. Ved breisåing kan ein putte i ca. 1 ts og skrive det på pakken.

- Årstal

 

Frøbiblioteket er ei satsing på berekraft, samt auking av kunnskap rundt sjølvdyrking og ikkje minst gleda og helseaspektet det gir å arbeide i jorda og.

 

Vi ynskjer å fylle Frøbiblioteket med alle typar frø (grønsaker, urtar, villblomster, staudar, sommerfuglvenlege frø mm), men viktig at det berre er frø ein har sanka sjølv eller kjøpefrø som ein har til overs. Ikkje frø frå grønnsaker og frukt mm som ein kjøper i butikken.

Håper mange vil donere frø. Du kan donere og hente frø heile året. 

Det er berre å kome å sjå om her er frø du ynskjer å så:)