System- og fagansvarleg i SSIKT- 2017/1365

logo ssikt.jpg - Klikk for stort bilete

Det er oppretta ei ny 100 % fast stilling for felles system- og fagansvar for oppvekstsektoren i SSIKT.

 

SSIKT er eit interkommunalt samarbeid om IKT mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta. SSIKT er i dag eit interkommunalt samarbeid med Hareid kommune som vertskommune.
Frå 01.01.2018 vert SSIKT organisert i eit eige § 27-samarbeid, som eige rettssubjekt. Tilsetjing i denne stillinga vert gjort for det nye selskapet, men Hareid kommune vil stå for tilsetjingsprosessen.


Det er oppretta ei ny 100 % fast stilling for felles system- og fagansvar for oppvekstsektoren i SSIKT. Vi søkjer ein medarbeidar til utvikling, vedlikehald og betre bruk av IKT systema innan oppvekstsektoren i SSIKT.


Vi søkjer ein medarbeidar for utvikling, vedlikehald og betre bruk av IKT systema innan oppvekstsektoren i SSIKT. Du har lyst og innsikt til å drive og støtte opp under aukande digitalisering innan utdanningssektoren. Det er viktig å ha fokus på dei ulike gruppene i denne sektoren og dei ulike behov dei har (lærarane, elevane og administrasjonen). Du vil støtte opp under prosessen med å endre undervisninga i klasseromet til å nytte digitale verkty der det er tenleg. Vår nye medarbeidar får ei aktiv rolle i innføringa av nytt skuleadministrativt system, og deltek i og driv utviklingsprosjekt i alle kommunane i SSIKT. Du kan kommunisere tydeleg til alle målgruppene i utdanningssektoren. Du trur på gevinst ved samarbeid, og klarar å realisere desse gevinstane i samarbeid med ulike fagmiljø.


God kjennskap til skulesektoren er ein føresetnad, og arbeidserfaring innan skulesektoren i løpet av dei siste fem åra er også ein fordel. Kjennskap til systemadministrasjon av IKT løysingar vil vere nyttig. SSIKT har nettopp skrive under ein avtale på nytt skule-, SFO- og barnehagesystem med Tieto. Innføring av dette prosjektet vil verte ei viktig oppgåve i 2018. Elles nyttar vi løysingar frå blant anna Microsoft, Google og Apple, både innan administrasjon og til elevar.

 

Arbeidsoppgåver
• Delta i og drive utviklingsprosjekt i alle kommunane i SSIKT
• Kunne kommunisere tydeleg til alle målgruppene i utdanningssektoren
• Systemansvar for skule- og barnehagesystema i SSIKT
• Dialog med leverandør for forbetring, utvikling og feilretting i systema.
• Kontaktperson mellom superbrukarar i kommunane og leverandør for brukarstøtte til dei ulike systema
• Forenkling av prosessar og legge til rette for gode digitale løysingar saman med kommunane og leverandørane
• Utarbeiding av prosedyrar og brukardokumentasjon
• Koordinering av fellesopplæring
• Prosjektleiing og prosjektansvar
• Vere ein bindelekk mellom teknisk drift, strategigruppa og utdanningssektoren


Personlege eigenskapar
• Gode teknisk forståing og erfaring frå arbeid med systemarbeid
• Løysingsorientert og fleksibel
• Nytenkjande
• Evne til å setje seg inn i nye problemstillingar
• Sjå samanhengar mellom prosessar i ein kommune
• Gode kommunikasjonsevner


Ønska kompetanse
• Relevant høgare utdanning, gjerne pedagogisk/lærarutdanning
• Erfaring frå prosjektarbeid
• Erfaring med IKT-løysingar i skule og barnehagesektoren
• Erfaring frå moderne arkivdanning


Kjennskap til kommunal organisering og kommunal beslutningsstruktur er ein fordel. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Vil tilbyr
• Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
• Godt arbeidsmiljø
• Fleksibel arbeidstid


Det vert ein del reiseaktivitet mellom dei sju kommunane, og den som vert tilsett må disponere eigen bil. Løn etter avtale. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Søknadsfrist 12 oktober 2017. Digitalt søknadsskjema finn du her.

Kontaktperson: Leiar i SSIKT, Guttorm Rimstad. Tlf.: 958 39 700.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.


 

 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 27.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering