Systemansvarleg for sak- arkivsystem og internettportal i SSIKT. 2017/1261

logo ssikt.jpg - Klikk for stort bilete

SSIKT er eit interkommunalt samarbeid om IKT mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta. SSIKT er i dag eit interkommunalt samarbeid med Hareid kommune som vertskommune.


Frå 01.01.2018 vert SSIKT organisert i eit eige § 27-samarbeid, som eige rettssubjekt. Tilsetting i denne stillinga vert gjort for det nye selskapet, men Hareid kommune vil stå for tilsettingsprosessen.

Det er oppretta ei ny 100 % fast stilling for felles systemansvar for sak- arkivsystem og internettportal i SSIKT. Vi søkjer ein medarbeidar for drift og utvikling av sak-, arkivsystem og portal.

Vår nye medarbeidar trur på gevinst ved samarbeid, og klarar å realisere desse gevinstane i samarbeid med ulike fagmiljø. God kjennskap til sak- og arkivsystem, portalløysingar og systemadministrasjon i systema er ein føresetnad. Kommunane nyttar ePhorte som sak- arkivsystem, og Acos InfoLink som portal.

Arbeidsoppgåver

  • Systemansvar for sak- arkivsystem til SSIKT
    Systemansvar for system for heimeside/internettportal i SSIKT
  • Dialog med leverandør for forbetring, utvikling og feilretting i systema
  • Kontaktperson mellom superbrukarar i kommunane og leverandør for brukarstøtte
  • Forenkling av prosessar og legge til rette for gode digitale løysingar saman med kommunane og leverandørane
  • Utarbeiding av prosedyrar og brukardokumentasjon
  • Koordinering av fellesopplæring
  • Prosjektleiing og prosjektansvar
  • Sikkerheits- og personvernsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode tekniske kunnskapar og erfaring frå arbeid med systemarbeid
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Nytenkjande
  • Evne til å setje seg inn i nye problemstillingar
  • Sjå samanhengar av prosessar i ein kommune
  • Gode kommunikasjonevner

Ønska kompetanse

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • Erfaring med sak- og arkivsystem og portalløysingar
  • Erfaring frå moderne arkivdanning

Kjennskap til kommunal organisering og kommunal beslutningsstruktur er ein fordel. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Vil tilbyr:

  • Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Det vert  ein del reiseaktivitet mellom dei sju kommunane, og den som vert tilsett må disponere eigen bil.
Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.

Søknadsfrist 15 september 2017. Digitalt søknadsskjema finn du her.

Kontaktperson:
Leiar i SSIKT, Guttorm Rimstad. Tlf.: 958 39 700.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no  innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje. 
 

 

 

Publisert av Trude Kristin Dalen. Sist endra 31.08.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering