1. gongs offentleg ettersyn - Detaljregulering for Kåvika på Alme (PlanID 20170001)

ill.png - Klikk for stort bilete

Reguleringsforslag – Detaljregulering for Kåvika på Alme (PlanID 20170001) – 1. gongs offentleg ettersyn (PBL § 12-10 og § 12 – 11)

 

Hareid Formannskap har i møte 19.03.2018, sak PS FSK 31/18, handsama forslag til detaljregulering for Kåvika på Alme, og vedtok å legge reguleringsforslaget ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist på 6 veker.

 

Planforslaget er vist på kart datert 06.02.2018 med tilhøyrande planomtale og føresegner.

Planforslaget legg til rette for framtidig utvikling av eit mindre område for bustad, fritidsbusetnad og naust med tiljøyrande vegar og anlegg.

Plandokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sine heimesider, du finn dei i menyen til høgre. Offentlege mynde, berørte grunneigarar og andre aktuelle vert varsla i eige skriv.

Merknad til planforslaget kan sendast til Hareid kommune, Myravegen 11, 6060 Hareid eller til postmottak@hareid.kommune.no. Saksreferanse 2016/1592.

Frist for innspel og merknadar er sett til 22. mai 2018. Alle innspel må vere skriftlege.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 09.04.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Einingsleiar
984 19 650
@ Silja Øvrelid
Dokument (1)
Login for redigering