Ansvarleg vertskap

Ansvarleg vertskap - Klikk for stort bilete Andreas Steinnes Bjerknes

Volda Turisthotell - måndag 6. november kl. 15.00-22.00

Ansvarlig vertskap er et kurs for deg som arbeider på ein skjenkestad/utestad med bevilling til å skjenke alkohol. Kurset gjev deg opplæring i kva alkohollova krev, og kunnskap om kva som skjer med kroppen når det vert konsumert alkohol, både fysisk og psykisk.

Kurset er eit tilbod til skjenkestadane i regionen vår. Målet er å få bransjen til å ta eit felles løft for å førebygge og redusere rusrelatert vald. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i restaurantbransjen vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.

Ansvarleg Vertskap er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta, Politiet, bransjen, Kompetansesenter for rus Midt-Norge og Helsedirektoratet.

Kurset blir halde på Volda Turisthotell måndag 6. november kl. 15.00-22.00. Pris: Kr. 200,-.

PROGRAM:
15.00 – 15.15 Oppmøte og registrering
15.15 – 15.25 Velkommen ved Rune Sjurgard, rådmann i Volda kommune
15.25 – 16.00 Kva er Ansvarleg vertskap v. Rune Akerø Svenslid, KoRus
16.00 – 16.15 Pause
16.15 – 16.45 Alkohollova og alkoholpolitisk handlingsplan v. Ingunn G. Hestnes, jurist Ulstein kommune
16.45 – 17.30 Skjenkekontroll v. Magne Olav Strømme, driftsleder Securitas AS
17.30 – 18.00 Matpause
18.00 – 19.00 Utelivsrelaterte rusproblem og kommunikasjon og konflikthandtering v. Pål Inge Olsen, Politiet
19.00 – 19.15 Pause
19.15 – 19.45 Erfaring frå bransjen, v. Åge Staurset, dagleg leiar Studenthuset AS
19.45 – 20.30 Branntryggleik v. brannvesenet i Volda kommune
20.30 – 20.45 Pause
20.45 – 21.15 Informasjon om e-læringskurs v. Rune Akerø Svenslid

 

Bindande påmelding innan 30.oktober 2017. Trykk HER for å kome til påmeldingsskjema eller send e-post til Hanne Morseth: hanne.morseth@vanylven.kommune.no

Kva er ansvarleg vertskap

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 23.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering