Borgarleg vigsel i kommunen

Kirsebær - Klikk for stort bilete Trude Kristin Dalen

 

Frå 1. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i kommunen. Under kan du lese meir om tilbodet.

Slik går du fram om du vil gifte deg borgarleg:

For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette vert utført av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. 

Om vilkåra for å inngå ekteskap er innfridd, vil folkeregisteret utstede ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månadar. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.
Sjå Skatteetaten  Veien til ekteskapet - steg for steg

De kan ta kontakt med kommunen for å avtale tid og stad via elektronisk søknadsskjema. Husk prøvingsattest som må vere godkjent før de kan vigslast, kommunen må ha den i hende seinast tre veker før ønska bryllaupsdato.

Alle som ønskjer det kan gifte seg borgarleg i Hareid kommune.

Det er to funksjonar i kommunen som har vigselsmynde: ordførar og varaordførar.

Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala kommunen tilbyr.

  • Kommunen tilbyr kommunestyresalen eller ordførar sitt kontor til ritualet
  • Dersom du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller andre ting (musikk, diktlesing e.l.) må du ordne og betale dette sjølv
  • Dersom du har andre ønskje utover retningslinene kan kommunen krevje dekt slike ekstra kostnader.

Etter vigselen

Brudeparet vil få tilsendt midlertidig vigselattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som utstedar endeleg vigselattest.

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv. Søknad finn de på Skatteetaten sine nettsider.
Dette fagområdet er nytt for oss, så vi ber om forståing for at rutiner m.m. rundt dette kan bli endra undervegs.

Vedtak i kommunestyret 26.10.17

  1. Den kommunale vigselsretten i Hareid vert teke hand om av ordførar og varaordførar.
  2. Vigsel kan finne stad i kontortida på vekedagar. Vigselstidspunktet blir fastsett etter forutgåande dialog mellom brudefolket og vigslaren.
  3. Vigsel i kommunal regi finn stad på rådhuset, fortrinnsvis på ordførar sitt kontor eller i kommunestyresalen.
  4. Det opnast for vigsel i andre lokale/andre stader enn på rådhuset og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid. Dette må avtalast med vigslaren, og kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene.
  5. Det administrative ansvaret for vigselsordninga blir delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å tilrettelegge for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer.
Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 12.12.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Helga Bøe-Grimstad Helga Bøe-Grimstad Leiar
928 32 786
@ Helga Bøe-Grimstad
Søknadsskjema (1)
Login for redigering