Fastlegane tek tak mot antibiotikaresistens

Rognebærkvist i sand - Klikk for stort bilete Victoria Ernstsen

 

Antibiotikaresistens er ein aukande helsetrussel. Fastlegane i Hareid og Ulstein er no i gang med eit prosjekt som skal motverke denne trusselen. Innbyggjarane kan også bidra.

Antibiotika er kanskje den viktigaste medisinske oppdaginga nokon sinne. I tida før antibiotika blei tilgjengeleg, var infeksjonssjukdommar ei vanleg dødsårsak i Norge. Slik er det ikkje lenger. I tillegg er verksame antibiotika ei forutsetning for mykje av moderne medisinsk behandling som tildømes kirurgi og kreftbehandling.

Men denne medisinske suksessen har også ei skyggeside. Antibiotika har i aukande grad blitt brukt mot sjukdommar der medisinen ikkje har noko effekt; forkjøling, influensa, bronkitt, kortvarig øyrebetennelse, sår hals. Slike milde sjukdommar er veldig vanlege, medan dei alvorlege sjukdommane – der antibiotika verkeleg gjer ein forskjell – er ganske sjeldne. Og problemet er at til meir antibiotika vi brukar, til lettare er det at bakteriane blir motstandsdyktige – resistente – mot antibiotika. Målet er derfor å bruke antibiotika berre når det trengs.

Både i Ulstein og Hareid blir det brukt meir antibiotika enn det som er gjennomsnitteleg i Norge, og då er også faren for antibiotikaresistens større. Dette vil vi gjere noko med. Dei fleste av fastlegane har derfor blitt med i eit prosjekt som heiter Riktigere antibiotikabruk i kommunene, i regi av Antibiotikasenteret for primærmedisin. Føremålet med prosjektet er å la fastlegane få ei god oversikt over eiga antibiotikaforskriving, slik at dei lettare kan forbetre bruken.

Innbyggjarane kan også bidra til ein betre antibiotikabruk. Frå forsking veit vi at legar har lett for å tru at pasientane absolutt ønskjer antibiotika, sjølv om dei same pasientane faktisk føretrekker ei grundig undersøking og gode råd framfor antibiotika. Snakk om antibiotika viss du er hjå legen for ein infeksjonssjukdom; Kva effekt vil ein antibiotikakur gi? Er det trygt å sjå korleis det går utan antibiotika? Viss vi snakkar saman om saka, unngår vi at ei mistyding fører til unødvendig antibiotikabruk.

Inger Lise Kaldhol
- Kommuneoverlege -

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 11.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering