Frisiktsoner - Skaper hekken din farlege trafikksituasjonar?

frisiktsone.png - Klikk for stort bilete Det er vår, og mange ivrar etter å rydde litt i hagen. Dersom du bur i eit kryss der plantar og andre buskevekstar hindrar sikta i vegbana, kan det bli utrygt for køyretøy og menneske som ferdast her.

Hugs på at du som huseigar er ansvarleg for at frisiktsonene rundt din eigedom er ivaretekne.

Dette er særleg viktig for dei som bur rett ved eit kryss. Det er ikkje alle som tenker på at for eksempel hekken deira veks ut mot vegbana og kan vere til hinder for sikta til andre trafikantar.

Korleis sikre sikta?
Når ein køyrer mot eit kryss treng ein sikt i begge retningar for å sjå om det er trygt å køyre ut i vegen. Dette området vert kalla ei siktsone, og det er fastsett nasjonale krav for kva som kan vere i dette området. Siktsona gjeld også frå avkøyrsla frå huset ditt.

Innanfor siktsona skal det ikkje vere hekk, buskar, gjerde eller andre objekt som er høgre enn 0,5 meter. Dette er for å sikre god sikt og eit tryggare trafikkbilete. Enkeltståande tre, stolpar og liknande kan stå der.

Illustrasjonen ovanfor viser to alternativ du har frå avkøyrsla di, eller om hagen din grensar til eit kryss mot veg. Høgde på hekk og gjerde skal ikkje overstige 0,5 meter på gateplan. Alternativt kan hekk og gjerder plasserast utanfor frisiktsona (merka med raudt på illustrasjonen).

Det må vere fri sikt fire meter inn avkøyrsla. Det betyr at når du står fire meter inne i avkøyrsla skal du kunne sjå vegen 20 meter til kvar side dersom fartsgrensa er 30 km/t og vidare slik illustrasjonen viser.

Reglane er dei same for fortau og gang- og sykkelvegar. Her er det 3 meter inn og 30 meter til sidene som gjeld som avstandskrav.

frisiktsone1.png - Klikk for stort bilete Dersom du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lavare enn fem meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lavare enn tre meter. Eigar av tre er også ansvarleg for fjerning av greiner som fell ned.

frisiktsone2.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Illustrasjonar: Statens vegvesen

Publisert av Camilla Tangen Nanseth. Sist endra 09.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering