Hareid helsehus - konkurranse med forhandling

Signatur - Klikk for stort bilete Illustrasjon HK

Hareid kommune byr inn til konkurranse med forhandling om utvikling, prosjektering og bygging av Hareid helsehus i samspelentreprise med incitament og tidleg involvering.

Helsehuset skal utviklast i samarbeid med ein privat utbyggjar, der kommunen vert eigar av den delen av bygget som kommunen trenger for å dekke sitt arealbehov, medan den resterande delen av bygget skal den private medutviklar finansiere for eige bruk, utleie eller sal. Det skal etablerast ein høveleg sameigeavtale slik at bygget vert forvalta på ein god måte.
Det nye bygget skal reisast på den tomta i Hareid sentrum som kommunen skaffe hausten 2017.

Konkurransegrunnlaget finn ein via www.doffin.no

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 09.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering