Høyring - Forslag til lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester

Hadartun frå hovudinngangen - Klikk for stort bilete HK

Sommaren 2016 vedtok Stortinget lovendringar i Pasient- og brukarrettslova og Helse- og omsorgstenestelova om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande budstad særskilt lagt til rette for heildøgnstenester. Grunnlaget for lovendringa finn ein i Prop. 99 L (2015-2016).

Delar av lovendringane tok til å gjelde 01.07.2016 for det som inneheld ei stadfesting av gjeldande lov om retten til sjukeheimsplass. Vedtak om kriterier for tildeling av slike kommunale tilbod og rett til å stå på venteliste er nytt og skal ha rettsverknad frå 01.07.2017. Kommunane må innan denne dato gjere vedtak i lokal forskrift om kriterier for retten til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad eller å kome på venteliste til slikt tilbod.

Samhandlingsgruppa i Sunnmøre Regionråd drøfta denne utfordringa med tanke på samordning for å unngå at alle kommunane skulle bruke store ressursar på dette arbeidet kvar for seg. Det blei peika ut nøkkelpersonell frå nokre kommunar til å lage eit framlegg til lokal forskrift. Det er dette forslaget til forskrift som no er ute på høyring.

Merknad til høyringsframlegget sendast Hareid kommune innan 15.05.17. Send gjerne merknadane elektronisk eller på e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 06.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering