Høyring - Søknad om løyve til endra reguleringsregime i Litlevatnet i Ulstein kommune og Mosvatnet i Hareid kommune

Mosvatnet - Klikk for stort bilete Johnny Berge

Tussa Energi AS søker om løyve til å permanent senke høgaste regulerte vasstand (HRV) i Litlevatnet og Mosvatnet. Høyringsfrist 07.09.2018

Det er aktuelt å senke HRV i Litlevatnet og Mosvatnet med høvesvis 2,0 og 1,4 m. I tillegg skal det og gjerast andre tiltak.

Søknaden med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Ulstein og Hareid kommune og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut. Om du ønskjer papirutgåve av søknaden, ta kontakt med Terje Myklebust på tlf: 91516905 eller e-post: Terje.Myklebust@tussa.no.

Fråsegn kan sendast NVE elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per epost til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 07.09.2018

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 06.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering