Høyring - utbygging av breiband i Hareid kommune

Breiband_PxHere.jpg - Klikk for stort bilete Hareid kommune vil søke om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. 

Bakgrunnen for denne høyringa er føresetnaden om at kommunane må kunngjere dei geografiske områda i kommunen ordninga skal gjelde for.
På denne måten får alle interesserte partar høve til å gi innspel, som kan vere vesentlege for søknaden, til kommunen. Hareid kommune arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett.
Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet. Kommunen vil difor søke om tilskot for deler av Hjørungavåg, Almestranda og for heile Snipsøyrdalen på begge deler av Snipsøyrvatnet. I samband med søknaden vil kommunen invitere alle innbyggjarar til å koma med innspel til utbyggingsplanane kommunen har.

Du finn heile høyringsbrevet i høgremenyen.

Frist for innspel: innan 12. mai 2018.

Innspel kan sendast inn elektronisk her eller på e-post til postmottak@hareid.kommune.no  og merkast "Høyringsuttale breibandsutbygging".

Kunngjering skjer berre på Hareid kommune si heimeside. Kontaktperson for breibandutbygginga er Bent Arild Grytten, rådgjevar ved sektor for Samfunnsplanlegging.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 11.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering