Informasjon om anleggsstart for prosjekt VA Bjåstad-Røyset

Røysetvegen - Klikk for stort bilete Johnny Berge

 

Under følgjer litt informasjon om prosjekt vatn og avløp til Røyset. 

Prosjektet har planlagt oppstart 13. august og består av bygging av nye vass- og avlaupsleidningar til Røyset med tilhøyrande pumpestasjonar for vatn og avlaup. Samstundes med bygging av VA leidningar skal heile Røysetvegen utbetrast og forsterkast. Planlagt ferdigstilling av prosjektet er i mai 2019 og hovudentreprenør er Brekke og Kleppe anlegg AS. 
 
Arbeida vil byrje med utbetring av den sydelege delen av vegen frå Ulset til Gjerdingane slik at denne vegen kan fungere som omkøyringsveg under resten av prosjektet, deretter vil vi byrje på strekninga frå Bjåstad til Gjerdingane der nye vatn- og avlaupsleidningar i hovudsak vert lagt i vegbana. Enkelte stadar langs vegen skal det byggast pumpestasjonar for vatn og avlaup og ved Rotarystien er det tenkt midlertidig riggplass som i framtida vert parkeringsplass. Røysetvegen vil vere stengt for gjennomkøyring i store delar av anleggsperioden og tilkomst til eigedomar langs vegen vil varierer etter kor langt arbeida er komen til ei kvar tid. Bebuarar må halde seg oppdatert på framdrifta i prosjektet og følgje skiltinga på staden. Informasjon vil leggast ut fortløpande på kommunens heimeside og vi vil nytte sms varsling.
 
Hareid kommune beklagar dei ulemper prosjektet vil medføre under anleggsperioden, men vonar mange vil sjå fram til betre veg, vatn og avløp når prosjektet er ferdig.
 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 07.08.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering