Internasjonal kafé

Det var mykje god mat og mykje folk på Internasjonal kafé i februar 2017 - Klikk for stort bileteDet var mykje god mat og mykje folk på Internasjonal kafé i februar 2017

 

Fredag 11.mai inviterer norsk-gruppene ved Ressurssenteret i Hareid til lunsjmåltid kl. 12.00 – 13.30 i aulaen på Hareid ungdomsskule 

Alle er velkomne til å smake spennande og god mat frå mange ulike land og verdsdelar. Måltidet kostar kr 100 for dei over 12 år og kr 50 for dei under 12 år.


Dei som lagar maten gler seg til å få servere noko av det beste dei veit til sine nye sambygdingar. Alle har opphaldsløyve i Noreg og dei går no på Ressurssenteret for å lære norsk. Målet er å kvalifisere seg til å få arbeid her eller til å kunne starte på ei utdanning.


Men altså: Fredag 11.mai må du gjerne ta deg ein tur til Hareid ungdomsskule i tida mellom kl. 12.00 og kl. 13.30. Då vil du få nydeleg mat – og høve til ein hyggeleg prat. 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 08.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering