Kunngjering om godkjent plan - detaljregulering Hyttefelt på Alme

Med dette melder vi at Hareid kommunestyre i møte 07.09.2017, sak PS 56/17, slutthandsama og eigengodkjende reguleringsplan – Detaljregulering for Hyttefelt på Alme, PlanID 20160002. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 og gjev rettsverknad til planen for alle tiltak som er nemde i kapittel 20 i plan- og bygningslova (2008).

 illustrasjon_plankart.png - Klikk for stort bilete

Godkjent plan er vist på plankart datert 20.06.2017 med tilhøyrande føresegner og planomtale.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast jamnfør PBL § 1-9 og § 12-12. Klaga skal vere skriftleg og sendast til postmottak@hareid.kommune.no. Eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Bruk saksreferanse 2012/1665. Klagefristen er sett til 3 veker frå kunngjeringsdato. Frist for klage er 05. oktober 2017.

Krav om innløysing etter pbl § 15-2, eller krav om erstatning etter pbl § 15-3, må rettast til Hareid kommune innan tre – 3 – år frå denne kunngjeringa.

Vedtatte plandokument og politisk sak finn du i menyen til høgre.

Dersom du ynskjer utskrift ta kontakt med planleggar Silja Øvrelid, silja.ovrelid@hareid.kommune.no.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 11.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Planleggar
915 57 327
@ Silja Øvrelid
Dokument (1)
Login for redigering