Kunngjering om godkjent plan - Detaljregulering Kåvika

illustrasjon.png - Klikk for stort bilete

 

Med dette melder vi at Hareid kommunestyre i møte 06.09.2018, sak KST PS 46/18, slutthandsama og eigengodkjende reguleringsplan – Detaljregulering for Kåvika, PlanID 20170001. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 og gjev rettsverknad til planen for alle tiltak som er nemde i kapittel 20 i plan- og bygningslova (2008).

 

Godkjendt plan er vist på plankart datert 06.02.2018, sist revidert 08.06.2018 med tilhøyrande førsegner og planomtale.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast jamfør PBL § 1-9 og § 12-12. Klaga skal vere skriftleg og sendast til postmottak@hareid.kommune.no. Eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Bruk saksreferanse 2015/692. Klagefristen er sett til 3 veker frå kunngjeringsdato. Frist for klage er 05.10.2018.

Krav om innløysing etter PBL § 15-2, eller krav om erstatning etter PBL § 15-3 må rettast til Hareid kommune innan tre – 3 – år frå denne kunngjeringa.

Vedtatte plandokument og politisk sak finn du i menyen til høgre.

Dersom du ynskjer utskrift ta kontakt med planleggar Silja Øvrelid, silja.ovrelid@hareid.kommune.no.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 13.09.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Einingsleiar
984 19 650
@ Silja Øvrelid
Dokument (1)
Login for redigering