Kunngjering om godkjent plan - detaljregulering Mylna Nord

illustrasjon_mylnanord.png - Klikk for stort bilete  Med dette melder vi at Hareid kommunestyre i møte 19.12.2017, sak KST PS 89/17, slutthandsama og eigengodkjende reguleringsplan – Detaljregulering for Mylna Nord, PlanID 20150004. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 og gjev rettsverknad til planen for alle tiltak som er nemde i kapittel 20 i plan- og bygningslova (2008).

Godkjendt plan er vist på plankart datert 22.03.2017 med tilhøyrande førsegner og planomtale.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast jamfør PBL § 1-9 og § 12-12. Klaga skal vere skriftleg og sendast til postmottak@hareid.kommune.no. Eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Bruk saksreferanse 2015/692. Klagefristen er sett til 3 veker frå kunngjeringsdato. Frist for klage er 1. februar 2018.

Krav om innløysing etter PBL § 15-2, eller krav om erstatning etter PBL § 15-3 må rettast til Hareid kommune innan tre – 3 – år frå denne kunngjeringa.

Vedtatte plandokument og politisk sak finn du i menyen til høgre.

Dersom du ynskjer utskrift ta kontakt med planleggar Silja Øvrelid, silja.ovrelid@hareid.kommune.no.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 08.01.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Einingsleiar
915 57 327
@ Silja Øvrelid
Dokument (1)
Login for redigering