Kurs i styrekompetanse

åkp_hoppid_logo - Klikk for stort bilete

 

Hoppid arrangerar kurs i styrekompetanse i Fosnavåg 23. mai 

Læringsmål

Målet er å gje kursdeltakarane meir kunnskap om kva som er styret si rolle og korleis det kan bli ein viktig ressurs i utvikling av bedrifta.

Ved aksjeselskap som selskapsform er det lovpålagt å ha eit styre. Korleis skal du unngå at dette bare vert ein formalitet, ein skjult reserve bak lukka dører? Kurset legg vekt på korleis styret kan bli ein viktig ressurs i utvikling av bedrifta. Styrearbeid må lærast og utviklast, og ei forbetring kan gje store resultat. Eit godt styre bidreg til ei solid botnlinje i bedrifta og kan førebygge og handtere kriser. Det skal sikre gode vegval og avgjersler og vere eit korrektiv til leiinga.

Rekruttere styre

Rekruttering er eit anna sentralt tema. Sidan styret er ansvarlig for bedrifta, bør det setjast saman og arbeide slik at det reelt sett tek hovudansvar for bedrifta sin strategi og framtid. Det bør tilføre ny og nyttig kompetanse.

Desse spørsmåla vert teke opp på kurset:


•Kva kompetanse treng bedrifta di?
•Korleis rekrutterer du styremedlemmar?
•Kva krav og forventningar kan du ha til medlemmane? Kva er rett styrehonorar?
•Ulike roller og plikter. Vi ser på formalitetar i styrearbeid som innkalling, gjennomføring og etterarbeid.
•Formalitetar (protokollar, Brønnøysund, generalforsamling, maktfordeling)

Fagleg ansvar: Kjell Standal, Elinora Consulting AS

Målgruppe: Personar som har etablert/tenkjer å etablere aksjeselskap.

Kursavgift: kr. 750,-

Tid: kl. 09.00-15.00.

Stad: Nyskapingsparken i Fosnavåg

Kontakt: Robert Voldnes, Ålesund kunnskapspark,

Tlf: 90 65 85 17

e-post: robert.voldnes@aakp.no

Tlf: Påmeldingsfrist: seinast 1 veke før kursstart.

 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 10.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering