Leikepatruljen i Hareidhallen

Leikepatruljen - Klikk for stort bilete Monica Torvik

 

Torsdag 8.mars var det full aktivitet i Hareidhallen 

Rundt 60 elevar og lærarar frå Hareid, Bigset og Hjørungavåg skule var då samla for å få ei innføring Leikepatruljen.

Leikepatruljen har som mål å få born til å bevege seg meir i løpet av skuledagen gjennom leik i friminutta. Elevar frå 6.-9. trinn blir kursa til å vere aktivitetsleiarar, det vil sei at dei har ansvar for kvar sin aktivitet i matfriminutta. Andre elevar kan melde seg på hjå ein leiar, og få bli med på ein leik/aktivitet/lag. Skulane fekk utdelt kvar sin aktivitetspakke med utstyr, slik at aktivitetane enkelt kan vidareførast på skulane.

Leikepatruljen 2 - Klikk for stort bilete Monica Torvik

Leikepatruljen byggjer på eit dansk konsept frå Dansk skuleidrett, og det er dokumentert ein rekkje positive effektar av tiltaket. Leikepatruljen fører til auka aktivitet, betrar samhaldet mellom elevane, og har dokumentert positiv effekt for psykisk helse, læringsmiljø og læringsutbytte.

 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 09.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering