Manntal til offentleg ettersyn

Vallogo - gull - nynorsk - Klikk for stort bilete

For å kunne røyste må du stå i manntalet.

Manntalet er ei oversikt over personar med røysterett i kommunen, det er lagt ut til offentleg ettersyn ved servicetorget, Hareid rådhus.

Manntal og røysterett

Alle personar med røysterett busett i Norge, er automatisk oppført i manntalet i den kommuen dei er registrert busett i per 30.juni.

  • Dersom du flyttar til ei anna kommune etter denne datoen, er du manntalført i fråflyttingskommunen og har røysterett i den kommunen du flytta frå.
  • Dersom du bur i utlandet, er du manntalsførd i den kommunen du flytta frå. Har du budd i utlandet meir enn 10 år, må du søkje fråflyttingskommunen om å verte innført i manntalet for å kunne røyste. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsrøystegjeving utenriks.
  • Dersom du forhåndsstemmer i Norge eller ikkje nyttar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan gjerast i eige brev eller ved å bruke skjemaet som ligg i høgremenyen.  Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar. Søknaden må komme fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 12. september kl. 17.

Ta kontakt med kommunen på telefon 70 09 50 00, postmottak@hareid.kommune.no eller ved personleg oppmøte om du ynskjer å kontrollere om du er innført i manntal. Opningstid 09:00 - 14:00.

Feil eller manglar i manntal

Dersom du meiner at det er feil eller manglar i manntalet, må du gje skriftleg og grunngjeve melding om dette til valansvarleg, Helga Bøe-Grimstad.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 25.07.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Helga Bøe-Grimstad Helga Bøe-Grimstad Leiar
928 32 786
@ Helga Bøe-Grimstad
Johnny Berge Johnny Berge Arkivansvarleg
948 64 377
@ Johnny Berge
Eksterne lenker (1)
Login for redigering