NAV Hareid og Ulstein

Nav - Klikk for stort bilete Nav.no

NAV Hareid og NAV Ulstein er slått saman til ei organisatorisk eining – NAV Hareid og Ulstein. I påvente av nytt NAV-kontor for organisasjonen vil dei tilsette bruke kontorlokala vi disponerer på Hareid og i Ulsteinvik.

I mellomperioda blir publikumsmottak flytta til Ulsteinvik. Publikumsmottaket blir ope mandag, onsdag og fredag kl 12.00 – 14.00. Den som har oppfølging fra NAV avtaler tid for samtale direkte med sin rettleiar. Planlagde møter blir gjennomført der det er mest hensiktsmessig, Hareid, Ulsteinvik eller annen stad.

Vi vil også oppmode brukarar av NAV sine tenester til å bruke våre heimesider, www.nav.no/dittnav. Her kan du få svar på dine spørsmål, sende søknader elektronisk og sende spørsmål til NAV.

Du kan også kontakte oss på telefon 55 55 33 33. Ring 55 55 33 34 om du har spørsmål om pensjon. Vårt kontaktsenter er ope mandag – fredag kl 08:00 – 15:30.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 02.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering