Offentleg ettersyn - detaljregulering for Hyttefelt på Alme

Plankartiill.png - Klikk for stort bilete Kunngjering:

Reguleringsforslag – Detaljregulering for Hyttefelt på Alme (PlanID 20160002) – 1. gongs offentleg ettersyn (PBL § 12-10 og § 12-11)

Hareid Formannskap har i møte 06.03.2017, sak PS FSK 21/17, handsama forslag til detaljregulering – Hyttefelt på Alme med PlanID 20160002, og vedtok å leggje planforslaget ut til 1. gongs offentleg ettersyn med høyringsfrist 6 veker.

Planforslaget er vist på kart datert 16.02.2017 med tilhøyrande planomtale og føresegner.

Planforslaget legg til rette for blant anna ulike typar fritidsbustad, leikeplass, småbåthamn og –anlegg. Planen opnar for både frittliggjande og konsetrerte fritidsbustadar og utleigehytter, med om lag 35 bueiningar. Tiltakshavar er Georg Johansen.

Plandokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sine heimesider (www.hareid.kommune.no). Du finn dokumenta knytt til saka i menyen til høgre. Offentlege mynde, berørte grunneigarar og andre aktuelle vert varsla i eige skriv. Dersom du ynskjer planforslaget på papir ta kontakt med planleggar Silja Øvrelid. (silja.ovrelid@hareid.kommune.no).

Merknad til planforslaget kan sendast til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid eller til postmottak@hareid.kommune.no. Saksreferanse 2012/1665.

Frist for innspel og merknadar er 26. april 2017.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 14.03.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Konstituert leiar
915 57 327
@ Silja Øvrelid
Dokument (1)
Login for redigering