Open anbodskonkurranse

arbeid/tastatur - Klikk for stort bilete

 

Kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Volda skal kjøpe nytt felles oppvekstadministrativt system som skal brukast i administrasjonen av skule, sfo og barnehage i desse kommunane. 

Systemet skal vere effektivt, ha god brukarvennligheit og skal vere eit godt styringsverktøy. Systemet skal kunne handtere dei arbeidsoppgåver som gjeld i dag og det skal vere førebudd på framtidige moglegheiter. Systemet skal driftast av SSIKT.  Fullstendig skildring av leveransen følgjer av kravspesifikasjonen.
Konkurransen vert gjennomført som open anbodskonkurranse.

Tilbodsfrist:  21.08.2017, kl 10.00

Sjå www.doffin.no for fullstendig utlysing og tilgong til anbodsdokumenta. 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 24.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering